Astrid Marie Årdal

Fotograf • Ridelærer • Trener • Kjørelærer

Tidligere hester

Agriola
KWPN f. 2005 e. Gribaldi u. Ladyola ue. Damocles
Agriola lånte eg i tre år av Stutteri Myrstad. Først var ho med på mitt 2. år på Fjordane Folkehøgskule, før ho blei med til hi sida av fjellet for min ridelærerutdannelse på Norsk Hestesenter. På den tida eg hadde Agriola utvikla vi oss frå godkjent LC til 63% i vår første MB. No er ho tilbake på Nordfjordeid for å bli brukt videre i avlen.

Norsk Fjordhest, f. 2007 e. Torsetblakken u. Bø Marja ue. Heidrapp

Bakkens Tord

Tord hadde eg med meg til Kragerø våren 2018. Når han blei med meg fekk han greie resultat i LC-dressur og 80/90cm i sprang. Vi brukte det halve året til å pusse støv av gamle kunster, og når han reiste heim igjen til eigarane sommaren 2018, hadde han gått til over 65% i LA og fleire gode runder i både 90 cm og 1 meter. Vi var med i Fjordhest NM på Stord før han reiste. Ikkje med dei beste resultata akkurat under stemnet, men med den fantastiske utviklinga han hadde på det halve året eg hadde han kunne eg ikke anna enn å vere fornøgd.

  • Facebook - Grey Circle
  • Instagram - Grey Circle

astridmarie.ardal@gmail.com  // +47 94782549

©2017 Astrid Marie Årdal / AM Årdal